Vi starta påsken med Påskeshow. Det vart ein kjempe kjekk kveld, med topp underhaldning og god mat og drikke. Besøkstalet var noko skuffande, så vi håpar det tar seg opp til neste gong vi har arrangement.
Det var også rom for ei fellestrening i Jøsenfjorden og to på Jøsneset i påsken. Sterkt og flott at så mange såg seg tid til å trene mellom skiturar og påskegodt.