mandag 25. april 2011

Påske på Gjil Aktivitetssenter





Vi starta påsken med Påskeshow. Det vart ein kjempe kjekk kveld, med topp underhaldning og god mat og drikke. Besøkstalet var noko skuffande, så vi håpar det tar seg opp til neste gong vi har arrangement.






Det var også rom for ei fellestrening i Jøsenfjorden og to på Jøsneset i påsken. Sterkt og flott at så mange såg seg tid til å trene mellom skiturar og påskegodt.

torsdag 7. april 2011

Påskeshow

Trykk på plakaten for å få den stor!

Dette blir STAS!


Som de kan lese på linken under, skal vi vera med å starte treningssenter på Sand saman med to andre. Dette blir stas, og det er også eit passande namn på det nye senteret; Suldal Trening og Aktivitetssenter.


Vi vil halde fram med Gjil Aktivitetssenter som før, og dessutan er spanande planar i gong for Gjil Aktivitetssenter også. Følg med!